Margunns 10 favoritter

Margunn Ueland har vært hageentusiast i 30 år og driver blogg om hage, mat og helse. Hun er aktuell med boken "Margunns kjøkkenhage -fersk mat året rundt"  Anbefales for alle som vil ha en inspirerende, nyttig og underholdende bok om kjøkkenhagen, her vil du lære mye uansett nivå.

Vi spurte Margunn om hennes 10 absolutte favoritter hun bare må ha i sin egen kjøkkenhage.

Margunns 10 favoritter i kjøkkenhagen

1. Grønkål: Blir masse mat av ein plante, bøttevis. Plukk blad, nye veks ut. Kan hausta av grønkålen frå juni til neste vår. Toler frost. Knallsunn!

2. Rødbeter: Kjempegodt med ferske rødbeter - både rå, omnsbakte, i smoothiar og juice. Lette å dyrka, får mykje på liten plass. Kan få to avlingar ila året om du forkultiverer. Også greie å på friland.

3. Bladpersille. Set god smak på all mat, blir mykje på liten plass - klypp og meir veks ut. Bra kantplante! Veks også godt i halvskugge.

4.Løk. Går ikkje an å laga supper eller middagar utan løk. Fersk, nyplukka løk er ei delikatesse. Og mens du ventar på at sjølve løken skal bli klar, kan du nippa litt nå og då av det grøne bladverket: Vel så godt som vårløk.

5.Mangold/bladbete: Ekstremt produktiv, haust inn blad, nye veks ut på null komma niks. I motsetning til spinat, veks han bra midt på sommaren, men likar seg også godt ut over hausten. Toler nokre kuldegrader. Også svært dekortativ, særleg sortane med farga stilkar. Dessutan supersunn.

6. Graskar. Fantastisk veksekraft! Så gildt å fylgja med frå kraftige spirer til blom, til "klinkekule" som blir så stor som ein fotball. Mykje mat i eit graskar. Svært haldbare/kan lagrast heilt til neste vår! 

7. JORDEPLE/POTETER. Lett å lukkast med tidlegpoteter. Du får laus og god jord der du har dyrka poteter. 

8. Squash. Må jo bli glad når ein ny, stor, gul blom helsar deg "god morgon" mest kvar dag. Blir fort squash. Dei små er best, og dei får du sjeldan kjøpt i butikken. 


LES OGSÅ: Slik lager du bokashi kompost

9. Eple. Alle MÅ ha minst 1 epletre. Nydeleg bløming om våren, så kan du gleda deg over utvikling til kart og solmogne, usprøyta eple. Eit tre kan gje tonnevis av eple. Uhyre lite arbeid med epletre.

10 Solbær. Så lett å dyrka! Og har du ein busk, kan du laga nye av stiklar. Stinne av vitaminar og plantekraft - og du får sjeldan kjøpt solbær i butikkane.

Til slutt legger hun til Fennikel. Vakker! God lukt. Mykje betre og saftigare enn dei tørre knollane i butikken. Stilkar og frynseblad gode i kraft og juice og  som krydderurt. Problemfri.  

Nye sorter jeg skal prøve i år


1. Sylteagurk. Fordi eg vil fermentera dei/leggja dei ned på glas i saltlake (ikkje koka i eddik og sukker). Mat for dei gode bakteriane! 

2). Sommarblom Zinnia, ny sort. Fordi eg blei forelska i Zinnia i fjor, då eg  sådde dei for fyrste gong. Vakre blomar i mange fargar, sterke, stive stilkar. Må ha sommarblomar i kjøkkenhagen!

3)Fleire gulerøter: Fordi eg har lukkast dårleg med gulerøter hittil. 

4)Pasternakk: Fordi det er så godt, og fordi dei kan stå ute heile vinteren.

LES OGSÅ: Slik vanner du planter best